Hopp til innhold

I vinter måtte dei smørje seg med tolmod, men denne veka var ventetida endeleg over

Rennande vatn, demningar og eit turbinhjul. Femte- og sjetteklassingane ved Borgund skule har peiling på kraft. Denne veka stod deira eige minikraftverk klar til bruk.

Elevar har bygd sitt eige minikraftverk for å lære meir om korleis straum vert til. Og denne veka var det opning av eit lite kraftverk i Borgund i Lærdal.

SJÅ TV-SAK: At lyset i lyspærene ikkje kjem av seg sjølv – det veit elevane i femte og sjetteklasse ved Borgund skule i Lærdal. Denne veka opna dei sitt eige, sjølvbygde kraftverk. (FOTO/REDIGERING: STINE KYRKJEBØ JOHANSEN)

Elevane har sidan hausten jobba ivrig med sitt eige minikraftverk. Frå Østfold Energi sitt kraftverk på Borgund har dei fått delane.

Borgund-elevar med eige mikrokraftverk.

DEMNING: Demninga er viktig for å gje vatnet trykk på veg gjennom røyrgata mot turbinen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Arbeidet med demning, montering og opning har dei stått for sjølve. Denne veka fekk dei stadfesta det dei visste frå før; at straumen ikkje kjem av seg sjølv.

– Vi har hatt litt krangel, men mykje moro, seier 6.-klassingen Oskar Gram Cock og ivrig peikar og forklarar om minikraftverket.

– Demning er viktig

Elevane har bygt demninga av stein, torv og mose. Dei har lagt røyrgata til turbinen, som igjen gir lys til ei lyspære.

(Artikkelen held fram under biletet)

Unge lærdøler med eige kraftverk.

LÆRERIKT: 6.-klassingane Oskar Gram Cock (f.v.), Jens-Henrik Hegg, Andrea Nesse Walla, Mari Yttri Voldum og 5.-klassingane Pia Berg Nemeth og Tore Skårheim har hatt eit lærerikt prosjekt.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Demninga må vi ha for å halde på vatnet slik at det blir mykje trykk når det går i røyret ned til turbinen, forklarar Cock.

Det var elevane sjølve som tok initiativ til å byggje minikraftverket. Då dei hadde elva tilgjengeleg, stilte Borgund Kraftverk med delane. Ei gamal kappsag frå 1955, ein dynamo frå ein gamal Opel Astra og dyse frå ein gamal brannslange har ført dei godt på veg.

Enkel modell

Maskiningeniør Heine Johannes Linga ved Borgund Kraftverk, Østfold Energi, har hatt det kjekke oppdraget å følgje spente elevar gjennom prosjektet.

Heine Johannes Linga ved Østfold Energi, Borgund Kraftverk.

INGENIØR: Heine Johannes Linga seier kraftverket til elevane blir ståande som ein demonstrasjon og modell.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Han håpar at dette kan bli noko dei kan gjenta, og gjerne i kombinasjon med omvising på ekte og langt større kraftverk.

Linga håpar dei på sikt kan tenne nokre ingeniørspirer.

– Dette er ein enkel modell som viser korleis vatn går over til å bli straum. Eg trur det er veldig viktig å få vist ungdomane korleis det fungerer, seier han.

Klipping av snora

STOR DAG: Denne veka kunne Pia Berg Nemeth, Mari Yttri Voldum, Andrea Nesse Walla og resten av elevane opne kraftverket sitt.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Var i fyr og flamme

Det har dei truleg allereie gjort hos 6.-klassingen Oskar.

– Eg har faktisk vurdert å byrje å jobbe på eit kraftverk. For det er faktisk veldig gøy, seier han.

Oddmund Einemo

LÆRAR: Oddmund Einemo seier dei har nytta mange fag gjennom kraftverksprosjektet. – Dette er lett å begripe sjølv for dei minste kva som går føre seg, seier han.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Lærar Oddmund Einemo er ikkje i tvil om at ungdomane har hatt ei lærefull tid. Det er heller ingen tvil om at dei har vore ivrige i tenesta.

– Dei har vore i fyr og flamme og ville helst halde fram her medan det var frose, men vi måtte vente til isen gjekk, humrar han.

Noko for fleire

Einemo meiner det er viktig for ein kraftkommune som Lærdal å gi born og unge ei så enkel forklaring som mogleg på korleis straumen blir til.

Unge lærdøler med eige kraftverk.

IVRIGE: Elevane har lagt ned mykje arbeid, men også lært mykje, gjennom bygginga av sitt eige mikrokraftverk.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Prosjektet har vore tverrfagleg, og noko utanom pensumet. I motsetnad til mange andre elevar, har 5. og 6.-klassingane i Borgund fått sett teori ut i praksis. Einemo meiner dette også kan vere noko for fleire skular.

– For ein kraftkommune som Lærdal, så treng du rekruttering. Men du treng også fokus på at dette er evigvarande kraft. Det går rundt og rundt, heile tida, seier han.

– Kvifor dette prosjektet?

– Ungane ville lage minikraft og vi hadde ein avtale med Borgund kraftverk om at dei ville halde ein del av utstyret om vi hadde bekk. Demningen laga vi i haust, og planen var å starte kraftverket til våren. Vi heldt tidsfristen.

No blir minikraftverket ståande som eit demonstrasjonsanlegg.