Hopp til innhold

Elendig påske kan ende med konkurs

Ein vinter utan snø og kulde kan komme til å resultere i konkurs for Harpefossen Skisenter.

Harpefossen skisenter

LITE SNØ: Dette har ikkje vore eit uvanleg syn i Harpefossen Skisenter denne vinteren. No kan skisenteret komme til å måtte stengje heisane etter store minustal i rekneskapen.

Foto: Webkamera

– Det har vore ein for­fer­de­leg dår­leg se­song, sann­syn­leg­vis den dår­le­gas­te i ny­a­re tid, sei­er sty­re­lei­ar Stein Bjør­hov­de til Fjordenes Tidende.

Skjærtorsdag forsvann ifølgje avisa siste rest av snø i skianlegget, og heller ikkje påska vart dermed som ein elles kunne ha håpa. Saman med ein elendig vinter gjer det at skisenteret no er truga av konkurs.

I utgangspunktet hadde dei budsjettert med billettinntekter på 3,5 millionar kroner. Resultatet endar truleg på under éin million. Harpefossen har heller ikkje oppsparte midlar.

Fjordenes Tidende skriv at situasjonen no er akutt.

– Vi må ha pen­gar, el­les går det­te til skif­te­ret­ten, sei­er Bjørhovde.

Det er sendt søk­nad til Eid kom­mu­ne om eit likviditetstilskot el­ler eit lån på 1,6 mil­li­o­nar kro­ner, men behovet kan bli endå større.

Rekneskapen for 2013 enda med eit underskot på om lag 730.000 kroner, og prognosane for 2014 tilseier minustal på om lag 1.630.000 kroner, skriv avisa.