Hopp til innhold

Eithun til kvartfinale

Førdianaren Geir Eithun og makkeren Iver Horrem er i kvartfinalen i Grand Slam-turneringa dei deltek i Los Angeles i USA.

Horrem og Eithun

VANN: Geir Eithun frå Førde og makkeren Iver Horrem er klare for kvartfinale i Grand Slam-turneringa i USA.

Foto: Andersen, Aleksander / NTB scanpix

Førdianaren Geir Eithun og makkeren Iver Horrem er i kvartfinalen i Grand Slam-turneringa dei deltek i Los Angeles i USA.

Sandvolleyballduoen slo Austerrrike fredag etter ein krevjande kamp.

Dei to nordmennene tok kommandoen frå start i 16.delsfinalen mot Alexander Huber og Robin Seidl. Dei vann første settet.

Andre settet tapte dei med 13-21, men etter ein tett avslutning kunne dei juble for kvarfinalebilett i tredjesettet.

I kvartfinalen ventar heimefavoritten USA med Casey Patterson og Jake Gibb.

Landslagstrenar Eskil Holtan er nøgd med innsatsen og meiner dette lovar bra på vegen inn mot EM.