Hopp til innhold

Køyrde inn i tre: Kritisk skadd frakta til Haukeland

Ein person er frakta til Haukeland universitetssjukehus skader i hovudet, etter at ein bil med to personar køyrde inn i eit tre ved E39 i Jølster.

Sjåføren av personbilen som køyrde inn i eit tre på E39 i Årdalen i Jølster vart frakta til sjukehus med hovudskader.

KØYRDE I EIT TRE: Ein person vart frakta til sjukehus etter å ha fått alvorlege hovudskadar i krasjen med treet. Foto/redigering: Oddleif Løset

Pasienten, ein mann på 53 år, er kritisk skadd, opplyser Haukeland universitetssjukehus i 17-tida søndag.

– Vi veit førebels ikkje mykje om kva som har skjedd, men bilen har komme nordfrå og køyrt inn i eit tre, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ulukka skjedde i Årdalen i Jølster på E39 rundt klokka 10 søndag morgon. Vitne varsla om at ein personbil hadde køyrt inn i eit tre. Ein person vart frakta vekk med ambulanse medvitslaus og med hovudskadar.

– Det var to menn i bilen og begge var frå Polen. Dei har køyrt langt, opplyser politiet.

Politiet kan ikkje seie noko om det var glatt på staden, men vegbana var våt.

Det var sjåføren av bilen som vart sendt til Førde sentralsjukehus. Passasjeren vil bli avhøyrt av politiet. Passasjeren er ein 23 år gamal mann, han får behandling for lettare skader ved Førde sentralsjukehus.

Alle naudetatane vart sendt til ulukkesstaden. Ulukkesgruppa til Statens vegvesen er varsla om ulukka, opplyser politiet.

Krasja med eit tre

ULUKKE: Alle naudetatane rykka ut etter melding om at ein bil hadde køyrt inn i eit tre på E39 i Årdalen i Jølster.

Foto: Oddleif Løset / NRK