Briksdalsbreen - Foto: Anitha Kvamme. /
Foto: Anitha Kvamme.

Ein bre som veks

Alt håp er likevel ikkje ute for Norges mest kjende brearm.

Mange fryktar at klimaendringane skal ta knekken på dei mange brearmane i landet.

Bakgrunn: Breane smeltar i rekordfart

Om to år

Briksdalsbreen i Stryn er ein av dei. Den har smelta mykje dei siste åra, men no er brearmen i frammarsj igjen.

- Held utviklinga fram, vil brefronten gå fram om eit par år, meiner breforskar Atle Nesje til avisa Fjordingen.

Då legg han til grunn at temperatur og nedbør har tilnærma same omfang som dei siste par åra. I år er brefronten omlag som i fjor.

- Brefronten blir ikkje målt før i september/oktober. Sist vinter var det masseoverskot på breen tilsvarande ein meter med vatn. Vi ser at breen breiar seg ut og legg på seg oppe. Om to år vil det vise seg i tunga nede, seier han.

Framleis truga

Nesje held fast på at breane kan forsvinne i framtida om ikkje klimaendringane blir tekne på alvor.

- Då er desse endringane berre forbigåande.

Fleire geologar har vore samla til ein omfattande verdskongress i Oslo. Mange av dei var med på ekursjonen til Stryn og den kjende breen måndag. Og i følge avisa Fjordingen var det ingen av dei som har endra synet sitt på klimatrusselen, sjølv om Briksdalsbreen er i "siget".

- Isen smeltar i polarområda, havet stig og artar går tapt, seier Georg T. Stone frå Wisconsin (USA).

- Mange tvilar framleis på klimaendringane?

- Ja, dessverre. Det er fire kategoriar som gjer det. For det første folk som ignorerer temaet på grunn av manglande kunnskap, deretter folk som har økonomiske interesser knytt til energispørsmål. Vidare har vi politikarar som dette ikkje passar for og vitskapsfolk som har bestemt seg på førehand, seier Stone.

Created by InfoDispatcher
Created by InfoDispatcher

Hadde synfaring av ulykkesbussane i Fardalulykka

Påsken er for mange starten på årets båtsesong. Vi vart med då ein Sea King frå 330 Skvardron trente på sjøredning saman med redningsskøyta Halvdan Grieg.

Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)