Hopp til innhold

Hollevik er kampklar – kjempar for fylkesleiarvervet i Høgre

Stortingsvara Bjørn Hollevik gir ikkje opp kampen om å bli ny fylkesleiar i Høgre.

Bjørn Hollevik

STILLER TIL KAMP: Bjørn Hollevik gir ikkje opp kampen om bli ny fylkesleiar i Høgre.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Hollevik var spelt inn av sitt eige lokallag, Flora Høgre, som leiarkandidat. I førre veke gjekk nominasjonsnemnda likevel inn for å gi Arve Mjømen fornya tillit som fylkesleiar. No varslar Hollevik kamp på Høgre sitt fylkesårsmøte i Kalvåg til helga.

–Dei tilbakemeldingane eg får om å stille, gjer til at eg gjer det, seier Hollevik.

Kjenner seg kampklar

Dermed er det ikkje gitt at det blir to nye år med Arve Mjømen som fylkesleiar i Høgre. Sjølv etter å ha fått tommelen ned frå nominasjonsnemnda, kjenner Hollevik seg kampklar.

– Etter at nominasjonen var over, fekk eg i helga fleire spørsmål om eg kom til å stille som kandidat, seier han.

Bjørn Hollevik sit i dag i Flora bystyre, i fylkestinget og er vara for Bjørn Lødemel på Stortinget. Feire lokallag har signalisert at dei ønskjer å byte ut Mjømen til fordel for næringslivsleiaren frå Florø. Blant dei er Anniken Rygg, leiar i Gloppen Høgre.

– Eg tykkjer det er flott at han har sagt seg villig til å stå på val, seier ho.

Meiner alle har godt av konkurranse

Arve Mjømen

OGSÅ KAMPKLAR: Noverande Høgre-leiar håper på to ny år.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Men i Gulen sit Arve Mjømen og håpar på to nye år som leiar. Mjømen sa dette til NRK laurdag då nominasjonsnemnda si innstilling var klar.

– Det var samrøystes og det er eg svært glad for, sa han.

Bjørn Hollevik trur det blei ei spennande helg i Kalvåg og tykkjer det er spennande at det er to kandidatar som ønskjer leiarvervet.

– Eg trur alle parti har godt av konkurranse, seier Hollevik.

Sjølv har Hollevik lagt bak seg ei turbulent tid i Flora Høgre, med striden rundt den no ekskluderte Jacob Nødseth.

– Eg vil ikkje spekulere i om dette har noko å seie, men eg håper det ikkje lenger skal vere noko heft ved det å vere Flora-politikar.