Hopp til innhold

Nødseth gir opp kampen i Høgre - «Dette ønskjer eg ikkje lenger å bruke tid på»

Florø-politikar Jacob Nødseth gir opp den lange konflikten med partiet. No avsluttar han kampen om å få vere medlem i Høgre.

Jacob Nødseth

VIL IKKJE MEIR: Jacob Nødseth vil ikkje lenger bruke tid på Høgre.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Mitt hjarta er i Høgre, men eg har konstatert at det dessverre ikkje er omvendt, seier Nødseth til NRK.no.

Det var Bergens Tidende som først fortalte at Flora-politikaren no har meldt seg ut av partiet.

Overfor NRK.no meiner Nødseth at det har gått personleg prestisje i saka.

– Det er grunnen til at eg ikkje lenger ønskjer å bruke tid på dette, seier Nødseth.

Han understrekar at dette er ei gjennomtenkt handling.

–Viss ein skal anke ei ekslusjonssak, så handlar det om at ein har eit ønskje om å igjen representere Høgre i lokallaget, og fylkeslaget. Etter å ha følgt med på korleis folk har vore der i mange år, så har eg bestemt meg for at eg ikkje lenger vil vere med på dette, seier Nødseth.

Sit i lokalpolitikken ut perioden

– Eg sit som medlem i Flora bystyre og i Flora formannskap, og kjem til å gjere det. Eg har fått tilbod frå tre-fire andre etablerte parti på fleire nivå, seier Nødseth.

Tidlegare har han vurdert det som heilt uaktuelt, men no set han døra på gløtt.

– Så langt er det ikkje noko eg har tenkt på, men eg skal no ha samtalar med dei for å høyre kva dei har å føreslå. Men eg er Høgre-mann, og det er ikkje noko ein berre skrur av, seier Nødseth.

Han legg ikkje skjul på at det har vore eit krevjande halvår.

– Det har vore krevjande å vere ein av dei få Høgre-politikarane i eit fylke der mottoet har vore: Vi er alle sosialdemokratar, i Sogn og Fjordane og i Sogn og Fjordane Høgre er vi alle senterpartistar. Det har vore krevjande å ta til orde mot dette i mange år, og det har kosta, seier Nødseth.

Han har bestemt seg for å sitje som lokalpolitikar i Flora kommune ut perioden.

– Så får vi sjå. Det er fleire som snakkar om å starte ei alternativ liste i 2015, og det er noko eg vil vurdere om eg skal bli med på, seier Nødseth til NRK.no.

Gler seg over nasjonal framgang

Nødseth har kjempa med nebb og klør etter at lokallaget 15. oktober i fjor vedtok å ekskludere han frå partiet.

Nødseth valde då å anke saka vidare til fylkeslaget.

Ifølgje bt.no skriv Nødseth i eit brev til Høgres arbeidsutval: «Som Høyremann kjenner jeg meg ikke lenger hjemme i Flora Høyre og Sogn og Fjordane Høyre. Det beklager jeg sterkt».

Han skal imidlertid ha lagt til at han gler seg over Høgre sin framgang nasjonalt. Striden rundt Jacob Nødseth har vart i lengre tid.

Vart ekskludert i oktober

Det var i oktober styret i Flora Høgre vedtok å ekskludere 25 år gamle Jacob Nødseth etter ein lang og opprivande konflikt mellom han og leiinga i lokallaget. Eksklusjonsvedtaket kom etter ei rekkje hendingar og åtferd over lang tid.

Vedtaket vart gjort medan Nødseth var på feie i utlandet, og han vart først merksam på vedtaket då han vart kontakta av media.

Styret i Flora Høgre lista opp åtte punkt som grunngjeving for eksklusjonsvedtaket:

1. At JN over tid har synt kritikkverdig åtferd overfor andre tillitsvalde i partiet. Tilhøva er av ein slik karakter at dei blei varsla til Høgre sentralt.

2. At JN har avvikla pressekonferansar utan forankring eller varsling til eige parti, der han har stått fram med grove og feilaktige skuldingar mot eige parti.

3. At det primo september 2012 blei naudsynt å kalle inn JN til eit møte der både Sogn og Fjordane Høgre og Høgres Hovudorganisasjon var representert, der JN måtte beklage sin handlemåte og skrive under på ei erklæring med retningslinjer for kva åtferd partiet forventa av JN i tida framover. Denne erklæringa er i ettertid brote av JN, ved fleire høve.

4. At JN har sett fram mistillitserklæringar mot gruppeleiar og gruppestyre, kontrollutvalet, eigen ordførar, rådmann, tre namngjevne kommunalsjefar, det lokale styret, styreleiar og nestleiar.

5. At JN ved gjentekne anledningar har helde munnlege innlegg i formannskap og bystyre, samt lesarinnlegg med negativ og nedlatande omtale av eigne partifeller.

6. At JN ved gjentekne høve refererer i det offentleg rom frå interne møte i lokallaget.

7. At JN gjennom fleire år har hatt eit konfliktorientert åtferd som ikkje har vore mogeleg å løyse med dialog, meklingsmøte, avtaler og advarsler, verken på lokalt, fylkes- eller sentralt nivå.

8. At JN ved sin opptreden og åtferd har påført Flora Høyre skade, både internt og eksternt.

  • LES OGSÅ:

Meinte vedtaket var ugyldig

Nødseth kjende seg utsett for ein hekseprosess, og anka vedtaket i Flora Høgre til fylkesstyret, men eit fleirtal på sju mot fire i styret i Sogn og Fjordane Høgre gjekk inn for å avvise anken.

Nødseth meinte vedtaket i fylkesstyret ikkje var gyldig fordi det ikkje var to tredels fleirtal.

Lovkomiteen i Høgre tilrådde onsdag at Flora Høgre sin eksklusjon av Nødseth står ved lag inntil vidare, men at sentralstyret i partiet tek saka opp til handsaming så snart som råd.

Vel å ta omsyn til sine næraste

I brevet til arbeidsutvalet kjem det fram at han avbles heile ankesaka.

«De siste årene har vært en stor belastning for meg, og en enda større belastning for mine nærmeste. Jeg klarer etter hvert å håndtere at det til stadighet kjem fram påstander i media som er grunnløse, og i sin form sterkt nedsettende mot min person. Dette går derimot sterkt inn på mine nærmeste. Det må jeg ta hensyn til», skriv han i brevet.

Er djupt usamd

I brevet understrekar Nødseth at han er djupt usamd med generalsekretæren som vurderte at lokallaget har handsama saka på beste moglege måte.

«Jeg er dypt og fundamentalt (også faglig) nbsp;uenig med generalsekretærens vurdering. Når jeg får hodet over vannet vil jeg vurdere å gi min skriftlige tilbakemelding til blant andre generalsekretæren og sentralstyret i Høyre om hvordan jeg har opplevd prosessen som har vært»

– Dette set ein sluttstrek for ein konflikt som har vart veldig lenge, og som har vore ei påkjenning for alle involverte. Så eg er tilfreds med at vi slepp å ta endå eit steg, seier generalsekretær Lars Arne Ryssdal til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lars Arne Ryssdal

KAN SØKJE IGJEN: ... men generalsekretær Lars Arne Ryssdal vil ikkje spekulere i om Nødseth då eventuelt vil kunne bli medlem igjen.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

Utmelding var ikkje naudsynt

Generalsekretæren understrekar at Nødseth ikkje trong melde seg ut, så lenge han ifølgje Høgre allereie var ekskludert frå partiet.

– No betyr dette at vedtaket om eksklusjon blir ståande. At han sender brev, betyr i praksis at anken hans vert trekt, seier Ryssdal.

– Kan han komme tilbake til partiet ved eit seinare høve?

– Vi har ikkje noko tidsstempel på kor lenge ein eksklusjon varer. Han vil på eit tidspunkt kunne søkje om å bli medlem igjen - men om det då eventuelt blir aktuelt, er berre hypotetisk, så det vil eg ikkje spekulere i, seier Ryssdal.