Hopp til innhold

Dronning Sonja åt lokal dessert på restauranten til Sonja

Både turistar og tilsette sperra augene opp då sjølvaste Droning Sonja kom syklande ned til Havkroa restaurant i Ytre Solund i ettermiddag.

Dronning Sonja i Solund

DRONNING PÅ TUR: Sjølvaste Dronning Sonja har i dag vore på sykkeltur i Ytre Solund. På Havkroa restaurant vart ho teken godt imot. (Arkivbilder)

Foto: NRK / Det Kongelige Slott

Saman med eit turfølgje og livvaktene brukte dronninga god tid og dagleg leiar for Havkroa, Sonja Hjønnevåg, kan røpe at ho og fekk litt å bite i.

– Eg var dessverre ikkje tilstades sjølv då Dronning Sonja kom, men etter det eg har høyrt så åt ho litt dessert, fortel Sonja Hjønnevåg.

Restauranten er ein del av rorbuanlegget på Hjønnevåg som ho driv saman med ektemannen Birger.

Dronninga har for vane å leggje ut på «hemmelege» turar i norsk natur på denne tida av året, og i år har ho altså lagt turen til kysten.

Brukar kongeskipet på turen

Pressekontakt Svein Gjeruld Gjeruldsen ved Det Kongelege Slott vil verken avkrefte eller stadfeste at ho er på tur i Ytre Sogn, men etter det NRK erfarer nyttar ho kongeskipet "Norge" på si ferd.

– Skipet låg lenge i Ytre Steinsund i dag, fortel Sonja Hjønnevåg, som er kjempeglad for at dronninga valde å leggje turen innom Solund.

Kongeskipet Norge

PÅ VEG: Kongeskipet 'Norge' på veg gjennom Ytre Solund tidlegare i dag.

Foto: Privat

Inviterer gjerne på middag

Varaordførar i Solund, John Kåre Larsen, bur i området, og vart sjølv vitne til at det kongelege følgjet kom syklande.

– Det er verkeleg kjempestas at ho tok turen hit. Neste gong skal eg ta og invitere ho inn til ein betre torskemiddag, fortel Larsen og gliser.

Vidare til Hardanger

Dronning Sonja skal etter nokre dagar for seg sjølv i kystnaturen, setje kursen for Ullensvang i Hardanger.

Der skal ho opne ein tursti som har fått namnet «Dronning Sonjas tursti». I dag var det andre vegar og turstiar ho oppsøkte i øyriket Solund.

Kongeskipet har vore på tur sørover langs kysten i fleire dagar, og vart mellom anna observert i Måløy for om lag eit døgn sidan.