Hopp til innhold

Dømd for falsk forklaring

Ein mann i 20-åra er i Fjordane tingrett dømd til fengsel på vilkår for å ha gitt falsk forklaring i ei rettssak.

I 2011 vart mannen dømd for promillekøyring i Sogn tingrett. Han køyrde då med ein bil som tilhøyrde sambuaren av ein kamerat, og det enda med eit trafikkuhell.

I 2013 vart kameraten stilt for retten for at han hadde lete han bruke bilen til sambuaren, trass i at han var rusa og ikkje hadde førarkort.

I den saka vart mannen som no er dømd for falsk forklaring innkalla som vitne. Han sa i retten at han hadde truga til seg bilen frå sambuaren til kameraten, trass i at det rette var at han hadde fått låne bilen.

I etterkant har han vedgått at dette ikkje var sant. Han forklarte at han gjorde det for å unngå å belaste kameraten og sambuaren hans. I tillegg sa han at han var redd for kva kameraten kunne gjere om han sa det som sant var.

Dermed vart det nok ei rettssak på han, meir enn fem år etter at han promillekøyrde. I Fjordane tingrett vart han dømd til fengsel på vilkår i 21 dagar.