Hopp til innhold

Dødeleg sjukdom påvist for første gang i verda i Lærdal

Sjukdomen Chronic Wasting Disease er for første gang påvist på villrein i Norge.

Villrein Setesdal

SJUKDOM: Sjukdomen Chronic Wasting Diseas er for første gang i verda påvist på ein rein i Norge. Sjukdomen råkar nervesystemet hos hjortedyr og fører til gradvis tap av nerveceller i hjernen.

Foto: Kai Stokkeland/NRK

Sjukdomen er dødeleg for hjortedyr og vart påvist etter ein hjerneprøve.

– Sjukdomen vart påvist i samband med merkeaktivitet i Nordfjella villreinområde i Lærdal kommune. Reinsimla trekte seg unna og døydde seinare, seier Jorun Jarp, avdelingsdirektør for helseovervaking ved Veterinærinstituttet.

Lite kunnskap

Det er første gang at sjukdomen Chronic Wasting Disease (CWD) er påvist i Norge.

Det er lite kunnskap om sjukdomen også på verdsbasis, men situasjonen blir ikkje vurdert som alvorleg.

Sjukdomen har aldri smitta til menneske. Det er ikkje farleg å ete kjøt frå smitta dyr.

– Det er ein sjukdom som er spesifikk samla til hjortedyr. Verdas helseorganisasjon har slått klart fast at den ikkje smittar til menneske, seier Jarp.

Vurderer tiltak

Symptom på sjukdomen er avmagring og unormal framferd. Jarp seier at det ikkje er grunn til å tru at det er fleire tilfelle i Norge.

– Vi må sjå om vi kan få sett i gang vidare undersøking for å følgje opp saka, hovudsakleg på rein og eventuelt andre dyr, seier avdelingsdirektøren.

Mattilsynet er varsla om funnet. Det får førebels ingen følgje for dei som driv oppdrett av hjort eller reindrift.

Veterinærinstituttet og Mattilsynet vil no vurdere kva tiltak som er naudsynt i framtida.

– Førebels blir det ikkje spesielle tiltak utover at ein må melde frå om ein finn daude eller sjuke dyr, seier Jarp.