– Æsj, han forfølgjer meg..
- Han følgjer etter ho til Skippergata 6B. Ho låser dei begge inn, han tek livet av henne.
Mannen som står på golvet i rettssal 3 i Fjordane tingrett vender seg mot tilhøyrarane. Fortel engasjert.
Men han er ingen kriminell. Thomas Bye er derimot skodespelarar og framfører teaterstykket kalla 0 + 0 = 4.
– Det er ei personleg forteljing om korleis eg heilt tilfeldig kom til å bli utruleg oppteken av norske justismord, seier Bye om stykket.
Tek for seg kjende kriminalsaker
Det er ikkje vanleg at ein har teaterframføring i ein rettssal, men for dette stykket var det den perfekte staden, meiner skodespelaren.
I dag var det nemleg urpremiere på stykket som handlar om justismord som har skjedd i norske rettssalar. Publikum var dei som jobbar i tingretten.
– Førestillinga gjer djupdykk i nokre av Norges mest kjende kriminalsaker, sakene mot Per Liland, Fritz Moen og Fredrik Fasting Torgersen, seier Bye.
Felles for desse sakene er at dei alle vart offer for justismord – dei vart dømde for brotsverk dei ikkje hadde gjort.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Vil gje folk ein tankevekkjar
Bakgrunnen for førestillinga går tilbake til 2007, då Bye spelte i Jens Bjørneboe sitt stykke Tilfellet Torgersen. Bye vart då overtydd om at Torgersen var utsett for eit justismord, men like før premieren på stykket fekk Torgersen avslag på å få saka prøvd på ny.
Etter dette slukte Thomas det han kom over av litteratur om justismord, og han kom også i kontakt med menneske som jobba for å frikjenne folk dei meiner har blitt uskuldig dømde.
I stykket 0 + 0 = 4 fortel Thomas Bye si historie, og i monologen får publikum innblikk i kor oppslukt han vart av temaet justismord.
– Kva ønskjer du å oppnå med stykket?
– Eg håpar folk kan få seg ein liten tankevekkjar i forhold til at det har skjedd vanvitige rettsskandalar i vår levetid, seier Bye til NRK.no.
Difor ville han framføre stykket i retten
Dagens publikum var dei tilsette i Fjordane tingrett. På radene som vanlegvis er fylte av familie, vener, kollegaer og journalistar sat i dag dei som brukar stå på den andre sida. Dei som dømmer folk til fengsel. Eller frifinn dei.
Nettopp difor var det viktig for Bye å få vise stykket sitt her.
– Det er jo i rettssalane justismorda skjer. Det er her heilt vanlege menneske følgjer sakene, her heilt vanlege journalistar dekka sakene. Men ingen oppdaga justismorda.
– Difor er det ekstra viktig at retten lar ein av sine, i hermeteikn, kritikarar, komme inn og fortelje om nokon av sakene som har gått føre seg i norske rettssalar, seier Bye.
(Artikkelen held fram under biletet)
«Gripande» og «tankevekkjande»
Og mange vart gripne av framsyninga på golvet framfor dei. Ein av dei var tingrettsdommar Walter Høivik.
– Eg synest det var gripande. Det var interessant og tankevekkjande, seier han.
Også administrasjonssjef ved Fjordane tingrett, Vibeke Hafstad Wennevold syntest stykket var sterkt.
– Eg sat eigentleg med gåsehud heile førestillinga. Det trefte meg veldig. Vi har eit utruleg stor ansvar, og dette minner oss på kor viktig jobben vi gjer i rettssalane er, seier ho.
Sorenskrivar Terje Movath meinte at framføringa tok opp eit særs viktig tema.
– Det er tankevekkjande. For oss i tingretten som dømmer nokon kvar dag, så er dette eit veldig viktig tema. Dette er ein inspirasjon til å diskutere saka vidare, seier han.
Skodespelaren sjølv var også nøgd med framføringa.
– Eg trur folk vart litt sjokka og får ein skikkeleg støkk i seg. Dette var den perfekte staden, så det kunne ikkje blitt betre, seier Bye.