Hopp til innhold

Line får vise seg fram på Blest

Dei tre første artistane er klare for Sogn og Fjordane sitt «Bylarm.»

Line Dybedal Vederhus

Line. frå Selje er ein av artistane som får spele på bransjetreffet Blest i september.

Foto: Pressefoto

I september skal elleve band og artistar få vise seg fram på Blest. Treffet er fylket sitt eige svar på Bylarm. Onsdag kveld plukka juryen ut dei første artistane som får stå på scena og vise seg fram for musikkbransjen.

Pop frå Selje

Den første artisten som får speleplass er «LINE.» Dette er soloprosjektet til Line Dybedal Vederhus frå Selje som er kjent frå bandet The Pink Robots. LINE er av sjangeren pop, med innspel av indie og elektronika. Ho har spelt inn fire låtar, og den fyrste singelen «It´s an illusion» er no blitt lista på NRK P1.

Metal frå Florø

Det andre bandet heiter «Through Your Eyes » og kjem frå Florø. Dei er eitt hardcore metal band som er inspirert av blant anna 90'tallets sørstatsmetal. Dei har helde på sidan 2009. Bandet har god live-erfaring, og har nyleg sleppt sin debut EP.

Trough your eyes

Metalbandet 'Trough your eyes' frå Florø har nett gjeve ut sin debut EP. No får dei spele på Blest.

Foto: Pressefoto

Tropiske rytmar frå Bergen

Det tredje bandet som får bli med er «Disaster In The Universe» frå Bergen. Dette er eit nytt alternativt rock/elektronika/psykedelia band med tropiske instrument og rytmar. Songane vert framførde på engelsk, fransk, portugisisk, spansk og ronga, og på scena er bandet beskreve som ein humørfylt gledeseksplosjon med særs dansbare rytmar og beats.

Møteplass for musikk

Blest er den største møteplassen for musikkmiljøet i Sogn og Fjordane og Hordaland, og vart arrangert av Brak for fyste gong på Eid i 2011. Også i år går Blest av stabelen i Gymmen og Operahuset på Eid, helga 7. – 9. september.

Fleire artistar i august

The Last Province

'The Last Province' var eitt av banda som spelte på Blest i 2011.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Seks band frå Sogn og Fjordane og to band frå Hordaland skal plukkast ut til å spela på Blest 2012. I tillegg skal tre artistar frå Sogn og Fjordane plukkast ut til å spele på den akustiske scena. Dei resterande banda skal plukkast ut i august, og det er framleis mulig å melde seg på.

Blanda Blestjury

Blest-juryen består av Arnt Ivar Naustdal (festivalsjef for Malakoff), Synnøve Bjørset (Artist), Jan Petter Jagedal Thomsen (Blest-sponsor Sparebanken Vest) og Pål Fidjestøl (Kultursjef for Sparebanken Sogn og Fjordane).