Hopp til innhold

Dei vil bli ingeniørar for framtida

FØRDE (NRK): Ny teknologi og tankekraft stod i fokus då ingeniørstudentane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane presenterte eigne oppfinningar.

Vasskraftmodell
Foto: Even Lusæter / NRK

Kablar, elektronikk og mekaniske innretningar med tenkjelege og utenkjelege fasongar og funksjonar. Det heile hadde litt Reodor Felgen-preg då ingeniørstudentane i Førde før helga skulle vise kva dei var gode for.

– Dette er eit årleg arrangement der bachelorstudentane kan syne fram kva dei har arbeidd med dette semesteret, seier Joar Sande, høgskulelektor ved ingeniørutdanninga.

Trur dei blir attraktive

– Alle ingeniørutdanningar i Noreg har eit såkalla systememne der målet er å kombinere kunnskap frå dei ulike fagfelta i eit konkret prosjekt, fortel Sande.

Og det er tydeleg at studentane har vore vakne under førelesningane i etikk- og samfunnsansvar. For ingeniørstudentane har for alvor tatt innover seg dei store utfordringane verda står overfor.

– Dei vil bli attraktive på arbeidsmarknaden når dei er ferdig utdanna, seier Sande som representerer ei faggruppe som har fått oljenedturen langs kysten midt i fleisen.

Stort Kull

– Det er mange studentar her i år, og neste år blir det enda fleire, seier Joar Sande.

Det var 11 grupper som presenterte sitt arbeid torsdag. Nokre ville halde fram med prosjektet til bachelor-oppgåva, medan andre hadde nye prosjekt i emning.

Øving til bachelor-oppgåva

Føremålet er at studentane skal få øving i å jobbe med eit større tverrfagleg prosjekt, noko som er nyttig fram til bachelor-oppgåva til våren.

– Det ligg mange timar bak, seier Sande.

Han var tydeleg stolt av kva studentane hadde fått til.

– Målgruppa for desse føredraga er i hovudsak andre studentar, men det er også invitert yrkesfagelevar frå Øyrane og frå teknisk fagskule.