Hopp til innhold

Cabincruiser gjekk på grunn

Ein 42 fot stor cabincruiser måtte sundag kveld ha hjelp etter å gått på grunn av på Måsholmen i Flora.

Cabincruiser på grunn
Foto: TRULS KLEIVEN

Politiet fekk melding om hendinga klokka 19:37, opplyser opersjonsleiar Einar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det var Hovudredningssentralen på Sola som koordinerte bergingsarbeidet. Redningsleiar Edvard Midelthon seier det hele var heller udramatisk og at dei to ombord kom frå det utan skadar. Det var heller ikkje meldt om lekasjar i båten.

Like etter klokka 20:00 kunne Welheim, som er brannbåten til Flora kommune, trekke den uheldige cabincruisar av grunn.