Hopp til innhold

Bytte lås og tømde bomkasse

Frekke tjuvar har bytt ut låsen på bomkassa på Langedalsvegen i Gloppen - og forsynt seg av pengane.

Asbjørn Gimmestad

FREKKE TJUVAR: Formann i Gimmestad og Moen sameige, Asbjørn Gimmestad, med bomkassen som vart broten opp.

Foto: Benedikte Grov/Firda Tidend

– Det er no nesten tragisk at folk skal vere så opprådde for pengar, seier Asbjørn Gimmestad, som er formann i Gimmestad og Moen sameige.

Bomkassa står ved starten av Langedalsvegen, som fører vidare til Langedalen og Gimmestadstøylen. Her kan køyrande betale for å bruke vegen.

Tjuveriet vart oppdaga då kasseraren i laget før helga skulle tømme kassa, skriv Firda Tidend.

– Då han skulle opne kassa så passa ikkje lenger nøkkelen, og då vi fekk klipt opp låsen så var sjølvsagt kassa tom, seier Gimmestad til NRK.no.

Trur det var nokre tusen oppi

For ikkje berre har tjuven brote opp kassa, men han har og bytt ut låsen med ein ny.

– Om han hadde tenkte å kome tilbake for å forsyne seg fleire gonger, veit eg ikkje.

Gimmestad har ikkje oversikt over kor mykje pengar som ha vore i kassen, men seier han reknar med at det har vore ein del.

– Kassen hadde ikkje vore tømt på to helgar, og vi veit at det hadde vore ein del trafikk, så vi snakkar nok fort om eit par tusen kroner

Meldt til politiet

– Vi toler nok dette tapet, men eg tykkjer dette er frekt. Heldigvis er det ikkje så ofte vi opplever slikt. Det er vel 10 år sidan sist det var innbrot i bomkassen.

Han seier dei no har meldt saka til politiet. Dei har også har varsla andre i nærområdet som har bomvegar.

(Saka held fram under biletet)

Braut opp bomkasse

TRENG PENGANE: Inntekta frå bomkassen går til vedlikehald av vegen til Langedalen og Gimmestadstøylen

Foto: Benedikte Grov/Firda Tidend

Treng pengane

Sameiget brukar inntektene frå bomkassa til vedlikehald av vegen, og Gimmestad seier til Firda Tidend at dei har rusta opp vegen for fleire hundre tusen kroner dei seinare åra og difor treng dei pengane dei har.

– Vi har absolutt bruk for pengane så det er veldig irriterande å bli utsette for slikt. No har vi har bytt ut låsen, men å gjere det heilt innbrotssikkert klarar vi nok ikkje. Vil nokon inn så får dei det til.