Hopp til innhold

Trist handelspark-vedtak, synest mindretalet

Førde bystyre sa i dag ja til det som kan bli fylkets største handelspark - på Brulandsvellene.

Votering om handelspark

KLART FLEIRTAL: Berre seks av bystyrerepresentantane sa nei til handelspark. Foto: Heidi Lise Bakke.

Det har vore stor diskusjon rundt handelsparken fordi mange meiner det vil føre til butikkdød i Førde sentrum, og det har også vore underskriftsaksjonar.

Men tilhengarane meiner handelsområdet på 70.000 kvadratmeter vil legge til rette for auka aktivitet og handel i heile Førde.

Under avrøystinga om handelsparken fekk eit framlegg frå SV om å seie nei til handelsparken berre seks røyster - frå SV og Senterpartiet.

Eit framlegg frå Senterpartiet om å utsette avgjerda til etter at det er laga ein sentrumsplan, fekk dei same seks røystene, i tillegg til Høgre sin gruppeleiar, Christina Kvamme.

Iris Loftheim

SKUFFA: Iris Loftheim (Sp).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er trist

Gruppeleiar for Senterpartiet, Iris Loftheim, var fortvila etter vedtaket.

– Eg synest det er trist, og eg er skuffa, men eg har skjønt at det var den vegen det gjekk, dessverre. Vi har greidd å avgrense det, området er halvert, i tillegg har vi fått delt området i to. Det vi ikkje greidde var å få eit strengare krav. No ser det ut til å bli opna for all slags handel.

– Men ordføraren argumenterte for at det er fullt mogeleg å ha småhandel i sentrum og storhandel på Brulandsvellene.

– Eg skulle ynskje eg delte den oppfatninga, men det trur eg faktisk ikkje er mogeleg å få til. Det blir litt Ole Brumm-tenking og for å sukre pillen. Alle rapportar frå stader der dette har skjedd tyder på utarming av sentrum, og det er trist.

– Sakleg debatt

Ordførar Olve Grotle (H) var godt nøgd med vedtaket og debatten.

– Det var veldig sakleg, og alle fekk seie det dei ynskte å seie.

– Men det var eit hjartesukk i debatten frå folk som meinte at dei fleste hadde bestemt seg før dei kom hit, slik at debatten ikkje hadde noko å seie.

– Eg oppfatta det ikkje slik, eg oppfatta det som ei konstatering av at vi har hatt mange rundar i plantuvalet, og at det der hadde utkrystallisert seg eit resultat. Og slik må det vere, men debatten synest eg var god.

Ordføraren meiner Førde no har fått eit godt vedtak.

– Det var som venta, og det tek i vare både sentrumshandelen, samstundes som vi opnar for ein storhandel på Brulandsvellene som vi alle trur eg viktig for Førde, for regionen og for fylket.