Hopp til innhold

Bubil stakk av etter trafikkuhell

Klokka 17.35 fekk politiet melding om eit møteuhell mellom ein personbil og ein bubil i Rausdaltunnelen ved Øvre Årdal. Det er ikkje snakk om personskade, men materielle skader som knuste speil. Bubilen som køyrde vidare utan å stanse skal vere kvit med blå striper, og politiet ønskjer tips i saka.