Hopp til innhold

Bronse til barne -tv-serien Her er eg!

Barne-TV-serien «Her er eg!» stakk av med gjev pris under ein mediefestival i Danmark i helga.

Her er eg!

HER ER BORNA: Mange born frå alle tre fogderia i Sogn og Fjordane har medverka i Barne TV-serien «Her er eg!».

Foto: Fotomontasje

Det var under den nordiske Mediefestivalen for barneproduksjoner på TV, radio og på nett at det blei bronsemedalje til «Her er eg!» i klassen for Non fiction opp til seks år.

Serien er laga av NRK Sogn og Fjordane med prosjektleiar Eva Westvik i spissen. Totalt er det laga 39 episodar fordelt på seks sesongar. Serien er kvardagsdokumentarar som skildrar livet til små born.

Redaksjonssjef Roy Raasholm Fauske i NRK Sogn og Fjordane tykkjer det er kjekt at serien har fått pris.

– Det er spesielt kjekt at også små produksjonsmiljø utanfor dei store byane blir lagde merke til og verdsette. Dette motiverer oss til å lage meir barne-TV, seier redaksjonssjef Roy Raasholm Fauske i NRK Sogn og Fjordane.

NRK stakk av med prisar i alle kategoriar under utdelinga laurdag.