Hopp til innhold

– Han hadde nok blitt halshogd om bjelken hadde treft nokre centimeter til sida, seier vitne

Mannen i 60-åra var centimeter ifrå det som etter alle solemerke hadde blitt ein brutal død då han krasja inn i eit naust ved fylkesveg 60 mellom Kjøs bru og Grodås i Hornindal onsdag ettermiddag.

Krasja i naust

SMÅ MARGINAR: Berre flaks gjorde at det ikkje gjekk veldig gale onsdag ettermiddag. Her står politibetjent Jan Tore Sunde t.h. og Ole Tom Nord.

Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

Det var ingen vitne til ulukka, men politibetjent Jan Tore Sunde seier til Fjordingen at mannen kom seg ut ved eiga hjelp.

– Når ein ser den kraftige bjelken som er tredd langt inn i bilen, mellom dei to forseta, er det ingen tvil om at dette kunne gått frykteleg gale, seier han til avisa.

Ein stor bjelke har gått gjennom frontruta, slik dei dramatiske bileta syner.

– Han er lettare skadd og skal ligga til observasjon på intensivavdelinga, opplyser AMK til NRK.no.

Politiet fekk melding om ulukka 17.35. Bilen fekk store materielle skader, og mannen vart seinare flydd til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.

– Han hadde englevakt

– Bilen stod rett inn i naustet og den har kutta av ein stor hjørnestav som er ni tommar tjukk og fire meter høg. Det er berre englevakt som kan berge nokon frå den visse død i ein slik situasjon, seier Arne Svor til NRK.no. Det er Svor som eig naustet.

Centimeter frå å treffa personen i hovudet

KVILER PÅ SETET: Bjelken kviler på setet, rett attmed nakkestøtta.

Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

Han og kona bur 200 meter frå naustet og skulle til å ta seg ein kaffikopp då det small.

– Kona høyrde ein kraftig smell og lurte på om det var noko som sprengde i steinbrotet som er i nærleiken. Men me såg raskt at det ikkje var det, og då oppdaga me at det hadde skjedd noko med naustet, som me såg mellom trea.

Då kasta han og kona seg i bilen og køyrde ned til naustet.

«Kva er det me finn no?»

– Eg hadde det ikkje bra då eg kom køyrande og såg bilen. Eg tenkte for meg sjølv «kva er det me finn no?», men då dei kom ned såg dei mannen sitta på trappa opp til naustet.

Han er ikkje i tvil om at mannen i 60-åra har hatt sin livs flaks.

– Det var heilt skremmande å sjå. Hadde han fått bjelken i hovudet hadde han blitt halshogd.

Vegen der naustet står er rett og oversiktleg, men likevel er det ikkje første gongen nokon krasjar i naustet hans.

– Det same hjørnet var totalrenovert for to år sidan, då var det også ein bil som trefte naustet.

Krasja i naust

ENDA GODT: Mannen som køyrde bilen vart 'berre' lettare skadd. Det kunne gått mykje, mykje verre.

Foto: Bengt Flaten / Fjordingen