Hopp til innhold

Brann på Kaupanger

Det brenn i ein flishaug på området til Simas i Sogndal. Brannmannskap er på staden og driv sløkking.

Brann på simas

– Det er meldt om kraftig røykutvikling, opplyser Kolbjørn Øvrebotten som er vaktleiar ved alarmsentralen.

Meldinga om brannen kom like før klokka 13. 10 brannfolk frå Sogndal er på staden og driv sløkking saman med andre som var på området då brannen starta.

– Dei har sett i gong med gravemaskin og hjullastar for å kome inn i dungen, slik at dei når fram til brannkjelda, seier Øvrebotten.

Flishaugen ligg fritt, og det skal ikkje ligge bygg i nærleiken. Liknande brannar har tidlegare teke opp til fleire dagar å sløkke, og Øvrebotten trur det kan ta tid å få sløkt.

– Det vil ta si tid, for ein må finne arnestaden og den ligg truleg godt inne i haugen. Det tek tid å sløkke slike brannar, seier Øvrebotten.

Det er førebels uvisst kva som er årsak til brannen.