Hopp til innhold

Bø fekk pris for årets gjennombrot

Tarjei Bø fekk pris for «Årets gjennombrot» under Idrettsgallaen laurdag kveld.

Video Tarjei Bø er årets gjennombrudd

GLAD BØ: Sjå video frå utdelinga under Idrettsgallaen laurdag kveld.

Skiskyttaren frå Stryn var ikkje sjølv tilstades under utdelinga, men var med frå Oberhof der han i går tok sin tredje strak verdscupsiger .

Han var glad over utmerkinga han fekk.

– Dette er stort for meg, sa han under direktesendinga der han takka foreldra, Norsk Toppidrettsgymans, trenarar, skiskyttarforbundet og juryen.

Stolt pappa

Pappa Klemet Bø er stolt over det sonen over at sonen fekk prisen.

– Det er klart det er stas at han blir sett pris på og lagt merke til. Dette tykkjer vi er kjekt.

Dei to andre som var nominerte i klassen «Årets gjennombrot» var fotballspelaren Markus Henriksen og skøyteløparen Ida Njåtun.

Sjå sendinga direkte

Under Idrettsgallaen er det 12 prisar som blir delte ut til idrettsutøvarar. Du kan sjå sendinga på nett eller på NRK1.