Hopp til innhold

Bil fekk stein i frontruta

Ei ung kvinne er køyrd til legevakt for sjekk etter at bilen ho køyrde vart treft av ein stein i frontruta. Steinen skal ha falt av ein lastebil, men politiet har ikkje vore i kontakt med føraren av lastebilen. Uhellet skjedde i krysset til Kandal i Gloppen på E39.