Hopp til innhold

Bil av vegen i Balestrand

Ein bil med to personar køyrde av vegen på fylkesveg 55 ved Esefjorden i Balestrand. Bilen vart liggjande på sida ned mot fjorden. Dei to som sat i kom seg ut ved eiga hjelp og skal vere uskadde. Det er ikkje mistande om rus, men førarkortet til den kvinnelege føraren i 50-åra har blitt kverrsett.