Etter over førti år som rullande bank og bygdas samlingsstad, går det same vegen med bankbussen som med mykje anna på bygda – den skal leggast ned.
Kåre Hauge køyrer bankbuss for Luster Sparebank. Sidan 1967 har dei små bygdene i området hatt fast besøk av den rullande banken. Sommar som vinter har Kåre og bankbussen vore ein kjærkomen samlingsstad der kjende omgrep som tidsklemma og nettbank ikkje er særleg aktuelt.
Bankbussen er eit poetisk miljøportrett som mellom linjene stiller spørsmålet: Kva slags verdiar vert borte når moderne tankar om lønsemd og effektivitet erstattar menneskeleg nærleik?