Karadas har stått utan klubb sidan kontrakten med Sogndal gjekk ut i haust, men no kan det vere ting på gang.
Sandnes Ulf sin trenar, Asle Andersen, seier til Aftenbladet at han har fått fleire gode referansar på Karadas frå spelarane som har spelt med han tidlegare.
– Karadas har den rette vinnarmentaliteten og ville glidd godt inn i troppen, seier Andersen til avisa.
Etter det Aftenbladet veit ville klubben ha med seg Karadas til opphaldet på La Manga, men dette skal ikkje ha late seg gjere. Ingen konkrete tilbod skal vere lagt fram, men ifølgje avisa er det framleis dialog mellom partane.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
har 31-åringen halde seg i form med å trene med mellom anna Nest-Sotra. Overfor Aftenbladet vil han ikkje seie mykje om mogleg spel for eliteserielaget Sandnes Ulf.
– Det er alltid hyggjeleg med interesse, men eg overlet dette til min agent, seier Karadas til avisa.
Sandnes Ulf og Sogndal skal i dag spele treningskamp på La Manga.