Hopp til innhold

Framleis klubblaus - trenar med 2. divisjonslag

Tidlegare Sogndal-spelar Azar Karadas er framleis klubblaus. No trenar han med 2. divisjonslaget Nest-Sotra.

Azar Karadas

HELD SEG I FORM: Azar har ambisjonar om å halde fram med fotball på eit høgt nivå, men står enno utan klubb.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Dette gjer eg for å halde meg i form, og då er det å spela kamp ei fin avveksling, seier Azar Karadas til BA.

31-åringen vert med i ein omgang når Nest-Sotra møter Åsane fredag kveld. 2. divisjonslaget vert trena av hans tidlegare klubbkamerat i Brann, David Nielsen.

Kontrakten hans med Sogndal gjekk ut etter førre sesong, og klubben frå saftbygda ønskte ikkje å fornya for 2013-sesongen.

Takka nei til Tyrkia

Før det internasjonale overgangsvindauga stengde, var kraftpluggen ønska av to tyrkiske klubbar.

– Eg takka nei til begge. Det var ikkje det rette for verken meg eller familien, forklarar eidaren.

Her heime har Hønefoss vore interessert. At han takkar nei til to utanlandske klubbar kan tyda på at det er i Norge han ønskjer å vera.

– Ambisjonane er framleis å spele fotball på eit høgt nivå, avsluttar Karadas til BA.