Hopp til innhold

Aurlending kåra til beste boksar

Aurlendingen Mario Midje Baltov er kåra til beste boksar på eit stort stemne i Askim. 20 åringen slo «knockout» på konkurrentar frå fleire land i Europa.

Gull til boksarar frå Aurland
Foto: Privat

Det var på boksestemnet Askim Box Open på søndag, at 20 åringen slo så kraftig frå seg, at han vart kåra til beste seniorboksar blant konkurrentar både frå Norge, Sverige og Irland.

20 åringen frå Indre Sogn boksa i 69 kilos klassen.

To frå Aurland på topp

To gull til boksarar frå aurland

TO GULL: Både Arve Stigen og Mario Midje Baltov tok gull

Foto: Privat

Aurland IL er ei liten bokseklubb i den store bokseverda, men likevel markerte klubben seg under stemnet på Askim i helga.

For i tillegg til at Mario Midje Baltov vann si klasse og vart kåra til beste senior, vann og 17 år gamle Arve Stigen si klasse, 66 kilos klassen for juniorar.

Trenaren rosar elevane sine

Trenar Reinert Sørensen, har sjølv vore ein aktiv boksar, og den som har trena aurlendingane fram til medaljane i helga.

Det var ein stolt trenar som snakka med NRK på veg heim til Aurland søndag kveld.

– Det var 115 påmelde til stemnet, så dette er stort, seier Sørensen. Han har lenge sett potensialtet i dei to ungdommane, men var overraska over at det skulle gå så bra i helga.

No ventar senior-NM i Trondheim i april, og då håpar trenaren på nye medaljar til Mario Midje Baltov.

Gode treningsforhold i Aurland

Aurland har i dag den einaste bokseklubben i Sogn og Fjordane, og bak dei to som deltok på stemnet i helga gror det fram nye talent.

– Vi har fleire talentfulle unge boksarar som kan gjere det bra framover, seier Reinert Sørensen. Han rosar treningsforholda i den nye idrettshallen i Aurland, og meiner klubben kan bli endå meir hardtslåande framover.

Draumen er å få ein proffboksar frå kommunen, men det er langt opp og fram avsluttar trenaren.