Hopp til innhold

Åtvarar mot konfetti og lydhorn

Mange brukar både konfettispray og lydhorn for å feire nasjonaldagen. Men ver forsiktig; enkelte av produkta er både ulovlege og helseskadelege.

17.mai- trompeter
Foto: Lise Sørensen / NRK

Dagane før- og under 17. mai festen vert det selt store mengder sprayboksar med både lyd og farge. Tusenvis av dei er smugla inn til landet.

Kan vere direkte farlege

Sprayboks
Foto: DSB

Miljøvernstyresmaktene vil åtvare foreldre og born mot å bruke enkelte slike produkt.

- Dette er leiketøy som det vert stilt ekstra strenge krav til. Unngå å kjøpe produkt frå useriøse forhandlarar. Produkta kan i verste fall innehalde farlige kjemikalier og ulovleg drivgass, seier sjefsingeniør Line Terje Høydal i Klima- og forureiningsdirektoratet, Klif.

Ho åtvarar særskilt mot lydhorn. Testar utført av direktoratet har vist at lydhorn har eit lydnivå på 136 dB, noko som er svært høgt og kan medføre hørselsskade.

Artikkelen held fram under biletet.

17.mai- utstyr
Foto: Lise Sørensen / NRK

Prøvde å smugle 48 000 boksar

Mange ulovlege varer vert selde i boder på gata, dersom ikkje Tollvesenet får tak i dei fyrst. For nokre år sidan vart 48 000 ulovlege boksar konfettispray funne på veg over grensa til Norge.

- I tida før 17. mai har store kvanta konfettispray blitt stoppa på grensa av Tollvesenet og Klif. Fleire av varene kan vere helseskadelege for born og unge. Så ver heilt sikker på kva du let borna leike med på tysdag, avsluttar Høydal.