Hopp til innhold

Åtvarar mot dårlege køyretilhøve over heile fylket

Statens vegvesen åtvarar mot glatte vegar og vanskelege køyretilhøve i heile fylket onsdag.

Vegkamera Vassenden

SPORETE: På E39 før Vassenden er det snø og slaps i vegbana.

Foto: Statens vegvesen

– Eg har prata med entreprenørane rundt om, og det er nedbør som snø og slaps i heile ytre og midtre strok av fylket, seier Jan Erikstad ved vegtrafikksentralen i Lærdal til NRK.

Han ber folk køyre varsamt og etter tilhøva. Det er også venta stor utfart i dag.

– Vi får fått inn beskjedar om dårleg føre frå til dømes Hyllestad, Askvoll og Bremanger. Men også heile E39 frå Lavik til Vassenden er det meldt om snø og slaps i vegbana, seier Erikstad.