Det kongelege slott inviterer i desse dagar eldsjeler landet rundt til såkalla Afternoon Tea på slottet.
Frå fylket er Mons Smørdal (Eid), Jonny Litsheim (Høyanger), Odny Ravnøy (Solund) og Åsta Bogstad (Breim) inviterte.
– Eg tykkjer det blir litt for mykje merksemd. Det er mange som gjer ein kjempestor frivillig innsats, seier Bogstad til NRK.
Gruar seg litt
Deira Majestetar ynskjer å heidre eldsjelene for deira store frivillige innsats i lokalsamfunnet.
Tradisjonen har røter attende til England så langt tilbake som i 1840. Under fjorårets teselskap fortalde Kong Harald at skikken var det bestemor hans, Dronning Maud, som tok med seg til slottet.
– Eg gruar meg litt. Det er så høgtideleg å reise inn til Kongen, men vi er visst mange som skal innover. Eg håpar vi blir ein gjeng så det ikkje blir så gale, humrar Bogstad.
Langvarig teneste
Bogstad har i nær 20 år køyrt mat frå omsorgssenteret til personar som har vanskar for å komme seg til butikk eller å lage mat sjølv. No køyrer ho ein fast dag for veka. Ho har vore støttekontakt for eldre og har vore med å drive bokkafé på Byrkjelo.
Den såg dagens lys då biblioteket sin filial på Reed vart lagt ned.
– Det var så mange som lånte bøker der, som fekk vanskar med å komme seg til Byrkjelo for å hente bøker. Eg fekk oppgåve å samle inn dei som ville opp og vi køyrde av og til tre bilar. Då fekk dei låne bøker, og Erna Strand stilte med kaker og kaffi, fortel 84-åringen.
Vil gjere nytte for seg
Kafeen lev i beste velgåande den dag i dag.
– Det er veldig koseleg, legg Bogstad til og har følgjande grunngjeving for hennar store engasjement for frivillig arbeid:
– Eg må vel etter kvart innrømme at eg er blitt gammal, men eg vil gjere nytte for meg likevel. Ein kan ikkje setje seg til å sture.
Og onsdag går turen til tigerstaden og teselskap med Kongen. Kva ho vil seie til Kongen om ho får han på tomannshand har ho ikkje tenkt på.
– Men eg er så glad i å strikke at eg lurer på å strikke eit par tjukkelabbar til han. Han er jo så glad i gå på tur, humrar ho.