Hopp til innhold

Årdal på tippetoppen

Innbyggarane i Årdal er dei som tippar mest på Vestlandet. I løpet av første halvår i år har kvar årdøl i snitt tippa for 2862 kroner. Ordførar Arild Ingar Lægreid seier til Bergens Tidende at stor interesse kring fotball generelt, og engelsk fotball spesielt, gjer at mange brukar mykje pengar på tipping i kommunen.