Hopp til innhold

– Mange frykta dei skulle døy

– Det var dei som trudde dei skulle døy. Ein gut på 10–12 år sa til mor si at «Eg har ikkje lyst til å døy no», fortel Hilmar Arne Midtgård (61) om bussulukka på Tenerife tysdag morgon.

Bussulukke på Tenerife

ULUKKE: Sjåføren mista kontroll på bussen med 50 passasjerar om bord på Tenerife. Hilmar Arne Midtgård frå Raudeberg fortel mange frykta at dei skulle døy.

Foto: Privat

Ekteparet Hilmar Arne Midtgård (61) og kona Oddveig (60) frå Raudeberg i Vågsøy var på bussen som i morgontimane køyrde av vegen på veg til flyplassen på ferieøya.

Om bord sat i alt 50 passasjerar. Av desse 33 norske. Ti av dei norske turistane vart lagt inn på sjukehus. Ei tilsvarande ulukke skjedde i Tyrkia tidlegare i sommar . Då omkom to skandinavar.

– Heldigvis sat vi langt bak i bussen. Dei som vart mest skadde sat framme, fortel Midtgård.

– Det var panikk

Bussulukke på Tenerife

PANIKK: Det oppstod panikk blant dei reisande då diesellukta byrja å sive ut.

Foto: Privat

Paret var tysdag kveld komne attende til Norge og på veg heim til Vågsøy. Inntrykka er framleis mange og sterke etter den dramatiske opplevinga i morgontimane.

Sjåføren mista kontroll på bussen på veg ned mot flyplassen. Ein flypassasjer antyda overfor VG Nett at bussen køyrde i 120 kilometer i timen. Då han skjønte det ville gå gale, la Midtgård seg ned mellom seta like før samanstøyten.

– Alt gjekk fint til vi tok av frå hovudvegen til flyplassen. Då skaut bussen fart og vi ana uråd. Bussen gjekk fortare og fortare. Folk byrja å rope og skrike, og det vart panikk, seier han.

– No døyr vi

– Vegen er svingete og mange ropte at «no døyr vi». Bussjåføren hadde ingen kontroll, og vi lurte med det same på om han hadde svima av eller fått eitt anfall. Men han klarte å følgje vegen, så det virka rett og slett som om bremsene svikta, held han fram og fortel at dei fleire gonger frykta at bussen ville velta i den høge farten.

– Det var dei som trudde at dei skulle døy. Ein gut på 10–12 år sa til mor si at «Eg har ikkje lyst til å døy no». Slikt gjer inntrykk, held Midtgard fram.

Oppsøkte lege

Den dramatiske bussturen stogga i ei rundkøyring. Knuste vindauge fylte bussen og det var panikk. Midtgård fortel om dramatiske syn i etterkant av ulukka. Utanom eit lite kutt som Oddveig sydde då ho kom til Norge att og ein slagskade i olbogen, har dei to kome heile frå ulukka.

Bussulukke på Tenerife

UOVERSIKTLEG: Det var kaotisk og uoversiktleg rett etter ulukka.

Foto: Privat

– Det var ein del eldre som sat framme, som fekk brotskadar. Det såg gale ut for ein del av dei. Det var mykje brotskadar og ryggskadar, seier han.

– Kva tenkjer de no i etterkant?

– Heldigvis gjekk det bra for dei fleste, men du gjer deg dine tankar. Det er ikkje lenge sidan det var ei dødsulukke på same måten, seier han og siktar til ulukka i tyrkiske Alanya der ein svensk og ein dansk statsborgar omkom .

Ulykkesbussen var på service forrige uke

DØDSULUKKE: Tidlegare i sommar omkom to turistar i ei liknande ulukke i Alanya i Tyrkia.

Foto: AP/NTB Scanpix

Midtgard fortel bussen virka å vere gammal, og at det ikkje var alle sete som hadde setebelte. Han etterlyser også turoperatøren Ving som dei reiste med.

– Det kom ein representant frå flyplassen, men vedkommande gjekk berre rundt og ikkje sa så mykje. Så fekk vi beskjed om å gå til terminalen, og det var det siste vi såg til Ving, seier han.

Stilte på Gardermoen

Tonje Fossum

DIREKTØR: Tonje Fossum i Ving.

Foto: Ving

Turoperatøren har årleg 420.000 reisande og eit stort tal bussturar på ulike reisemål. Marknads- og kommunikasjonsdirektør Tonje Fossum meiner dei gjorde det dei kunne for å komme i kontakt med flest mogeleg av reisefølgjet.

I tillegg til representanten som kom til ulukkesstaden, var Ving representert på sjukehus og vanleg personale ved avreise på flyplassen. Også sjømannsprest og representantar frå UD var tilgjengelege.

– Vi hadde også representantar med store Ving-skilt ved bagasjebandet på Gardermoen for å fange opp dei som kom heim, seier Fossum.

– Vil evaluere

Bussulukke på Tenerife

DRAMATISK: Til alt hell kom alle av busspassasjerane frå ulukka med livet i behald.

Foto: Privat

Av reisefølgjet på 33 nordmenn, reiste 21 heim med flyet til Norge. Flyet vart forseinka som følgje av ulukka. Dei resterande 12 er att på Tenerife. Av desse 10 på sjukehus.

Fossum seier dei onsdag vil ta kontakt med alle dei ikkje har kome i kontakt med. Mellom anna for å avdekke om nokon treng hjelp til å snakke med profesjonelle etter ulukka.

– Føremålet er å vise at vi er her og vi vil høyre om det er noko vi kan hjelpe dei med, seier ho.

Tenerife

TENERIFE: Ferieøya er den største av dei sju bebudde Kanariøyene, og eit populært reisemål.

Foto: Google maps

– Så de meiner de har gjort det de kan for å komme i kontakt med reisande for å høyre om dei treng hjelp?

– Vi har gjort det vi kan for å komme i kontakt med flest mogeleg. Men det er klart at vi i etterkant må evaluere om vi bør ha reiseleiar på veg heim også i slike krisetilfelle, seier Fossum.

– Mange var i sjokk

Midtgård meiner Ving ikkje handterte ulukka på ein god nok måte, og seier han vil klage.

– Det virka ikkje som om dei hadde noko støtteapparat til å handtere ei slik hending. Hadde det skjedd i Norge, så ville eit kriseteam vere på plass med det same. Det var mange som var i sjokk, og selskapet burde vore der raskare og med fleire folk, seier han.

– Påverkar dette lysta til å reise til utlandet att?

– Akkurat no er vi ikkje freista, men det går nok over.