Ambjørg Sælthun er død

Tidlegare stortingsrepresentant Ambjørg Sælthun frå Lærdal er død, 89 år gamal.

Ambjørg Sælthun

Ambjørg Sælthun i 2008.

Foto: Nils Roar Sælthun

Ho var frå Ål i Hallingdal og vart gardkone på Seltun i Lærdalsdalen. I Lærdal engasjerte ho seg m.a. i bondekvinnelaget, og ho starta den politiske karrieren sin som medlem i skulestyret i 1959.

Første kvinna

Frå 1969 til 1973 var Ambjørg Sælthun vararepresentant på Stortinget for Senterpartiet. Ho møtte fast det siste året fordi John Austrheim var samferdsleminister.

Frå 1973 til 1985 var ho fast stortingsrepresentant, frå 1981 til 1982 var ho varapresident i Stortinget. Ho var den første kvinnelege stortingsrepresentanten frå Sogn og Fjordane.

Døydde 2. januar

Dei siste par åra vart helsa til Ambjørg Sælthun gradvis dårlegare. Laurdag før jul fekk ho eit hjerneslag, og måndag 2. januar døydde ho på Lærdal sjukehus.

Ambjørg Sælthun var mor til Ragnhild Sælthun Fjørtoft, som sidan 1968 har vore ein populær programvert i NRK, og sonen Lasse Sælthun har vore rådmann i Lærdal.

Bluefjords i Luster satsar knallhardt på datalagring. Men potensielt store, viktige kundar vel bort Norge. Selskapet i Sogn meiner norske avgifter held IT-selskap unna.
Kommunane står overfor ein svært krevjande jobb med å få tak i nye tilsette i åra som kjem. Svært mange av dei som jobbar innan skule og omsorg er snart pensjonistar.
I dag la kunnskapsministeren fram stortingsmeldinga om framtida for høgskular og universitet. Høgskulen i Sogn og fjordane får framleis stå åleine, - enn så lenge. Men høgskulane får ei rekke nye krav kan bli tøffe å innfri.