Hopp til innhold

19-åring omkom i trafikkulukke - Kvinne (18) er alvorleg skadd

Ein ung mann på 19 år omkom i trafikkulukka ved Brandsøy i Flora. Ei 18 år gammal kvinne er alvorleg skadd.

Ein 19-åring omkom i ulukka på riksveg 5 i Florø. Ei ung kvinne på 18 år er alvorleg skadd.

OMKOM: Ein ung mann omkom då ein personbil og ein lastebil krasja ved Brandsøy i Florø. Ein ung kvinne er alvorleg skadd. Foto/redigering: Truls Kleiven/NRK

Det er sjåføren av personbilen som er omkommen stadfestar politiet.

– Ein ung mann er omkommen i ulukka, han vart erklært død på staden. Mannen var sjåfør av personbilen. Den andre personen er ei ung kvinne, opplyser operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Helse Førde opplyser at tilstanden til kvinna på 18 år er alvorleg, men stabil. Ho ligg til observasjon på Intensivavdelinga. Sjåføren av vogntoget får poliklinisk behandling.

Det var i 7.30-tida at ein personbil og eit lastebil kolliderte ved Brandsøy i Flora kommune.

– Det er eit møteuhell mellom ein personbil og ein lastebil, opplyser politiet.

Undersøkingar på ulukkesstaden

To personar vart frakta til sentralsjukehuset i Førde. Lastebilsjåføren kom frå ulukka utan fysiske skadar.

Alle naudetatane rykte ut til ulukkesstaden, men det er for tidleg å seie noko om ulukkesårsaka. Politiet gjer åstadsundersøkingar og avhøyrer vitne til ulukka.

– På staden blei det gjort livreddande tiltak, seier Hope.

Ulukkesgruppa til Statens vegvesen kjem til staden rundt klokka 10.30.

Ulukke Brandsøy Florø

ALVORLEG ULUKKE: To personar er involvert i ei alvorleg ulukke på riksveg 5 i Florø.

Foto: Truls Kleiven / NRK