Hopp til innhold

«Her er eg!» - Sesong 2

Dei fire episodane i andre sesong av «Her er eg!» vart filma i 2005.

Eirik, Hannah, Ingvild, Sølve

SESONG 2: I denne sesong av «Her er eg!» møter vi Eirik Bygstad, Ingvild Storevik, Sølve Haugen og Hannah Andersen.

Foto: Fotomontasje

Denne sesongen får vi mellom anna vere med Sølve på krabbefiske og Eirik på sjukehuset.

Eirik

Video Her er eg Eirik

SJÅ: Eirik må operere vekk mandlane.

Eirik frå Vevring er forkjøla nesten heile tida. I dag skal han på sjukehuset i Førde for å operere i halsen. Han lurer på om det kjem til å gjere veldig vondt.

Sølve

Video Her er eg Sølve

SJÅ: Sølve og storebror fiska, kokte og åt krabbar.

Sølve bur på ei øy, som heiter Husevågøy. Han likar å fiske store krabbar med teiner frå båten sin. I dag er han spent, for han håpar på rekordfangst.

Hannah

Video Her er eg Hannah

SJÅ: Hannah måtte hoppe i sjøen under segltrening.

Hannah har eit kosedyr som heiter «Gaupa», som er redd for havet. Denne dagen må «Gaupa» vere heime åleine, for Hannah skal på segling og der skal dei hoppe i havet. Hannah gruar seg, for det blir iskaldt.

Ingvild

Video 87e53668-028d-418d-bbdb-8093d40861f7.jpg

SJÅ: Ingvild plukka epler og laga eplesaft som ho selde til inntekt for afrikanske Yebo.

Ingvild plukkar eple og lagar eplesaft, for i Hornindal barnehage skal dei ha basar. På basaren samlar dei inn pengar til ei fattig jente, som heiter Yebo frå Afrika. Ingvild er spent på om eplesafta blir ferdig.