Hopp til innhold

«Ein spydforma stein, meint for å drepe»

Kjell Lyngstad frå Stardalen i Jølster hadde griseflaks då ein stein på 10 kilo small rett gjennom frontruta på bilen hans.

Stein i ruta fv 60 innvik olden

LIVSFARLEG: Kjell Lyngstad slapp unna med skrekken då denne steinen gjekk gjennom frontruta.

Foto: Kjell Lyngstad/Jogeir M. Agjeld

Den skremmande opplevinga skjedde fredag ettermiddag då han kom ut frå Vanbergtunnelen på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik, på veg mot Loen.

– Det var ein spydforma stein, meint for å drepe. Det er berre flaks at det gjekk bra, seier Lyngstad.

– Ekstrem kraft

stein gjennom rute fv 60 olden innvik

KRAFTIG SMELL: Steinen traff heldigvis ikkje føraren, men det gjorde spegelen.

Foto: Kjell Lyngstad

Ein stein på rundt 10 kilo kom susande ned frå fjellsida og trefte frontruta. Truleg har steine kome høgt ovanfrå.

– Den hadde ekstrem kraft og trefte ruta akkurat ved rota av spegelen i frontruta. Spegelen small rett i fjeset på meg. Eg var full i både stein og pulverisert glas, fortel jølstringen.

Til alt var Lyngstad åleine i bilen, for steinen hadde retning mot passasjersetet.

– Hadde det sete nokon der hadde dei fått steinen rett i brystregionen. Den landa til slutt på golvmatta nedanfor passasjersetet.

Kutt i leppa og smerter i leppa

Sjølv kom Lyngstad frå uhellet med skrekken, men også med nokre fysiske skrammer.

– Eg har ei oppkutta leppe og eg har smerter i tennene etter spegelen som trefte meg. No skal eg på sjukehuset for å få sjekka både dette og auga. Eg begynner å lure på om eg kanskje har fått noko av det pulveriserte glaset ned i halsen, fortel han.

Fleire bilar stogga opp då dei såg steinen dundre ned i bilen til Lyngstad. Han fortel at mange reagerte med skrekk over det dei såg.

Var du redd?

– Det small veldig plutseleg. Når eg såg steinen begynte eg jo å tenke. Dette er slikt ein ikkje tenker skal skje med ein sjølv, men det gjer jo det. Hadde steinen treft litt meir til venstre hadde det gått veldig dårleg.

Har tilkalla geolog

Vegtrafikksentralen varsla entreprenøren som sende ut folk for å sjå på området.

– Dei har tilkalla geolog som skal vurdere staden, seier Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Fylkesvegen mellom Olden og Innvik er kjend for å vere både i dårleg stand og rasutsett. Det er allereie gjort fleire utbetringar på vegen, men delar av dette arbeidet er framleis ikkje utført.