Hopp til innhold

– Posttilbodet blir dyrare og dårlegare

Tillitsvalde trur distrikta blir taparane etter at Venstre sikra fleirtal for nytt postdirektiv frå EU.

Postmann Hans-Petter Gilleshammer

RASAR: Postmann Hans-Petter Gilleshammer fryktar fri konkurranse vil presse prisane på posttilbodet opp i distrikta.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Postmann Hans-Petter Gilleshammer er tillitsvald for dei postilsette i Nordfjord og kjempar mot EU sitt postdirektiv. Frykta er at fri konkurranse vil presse prisane oppover i ulønsame område i distrikta.

– Det er ikkje berre dei tilsette vi tenkjer på, vi vil at bedriftene i Distrikts-Norge skal ha eit tilbod på lik linje med det i byane, seier han.

– Viktig med lik porto

Lenge har det vore konkurranse i Norge om å frakte brev og pakkar ned til 50 gram. Men med postdirektivet blir det konkurranse om all brevpost.

Stoltenberg-regjeringa nekta å innføre direktivet, men no garanterer Venstre politisk fleirtal for at Postdirektivet blir innført i Norge.

Sveinung Rotevatn

FOR KONKURRANSE: Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) meiner det ikkje er nokon grunn til å frykte den nye postlova.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn ynskjer konkurransen velkomen, på visse vilkår.

– Det har viktig for oss å sørgje for at vi får laurdagsombering av aviser og lik porto over heile landet. Det får vi, og då er Venstre klare til å stemme for, seier han.

Meiner Venstre skuffar

Nestleiar i Postkom for vestlandet, Terje Nordgulen, meiner Venstre sviktar både miljøet og distrikta.

– Eg er skuffa over Venstre i denne saka, seier han.

Rotevatn står fast på at det nye direktivet gjev kvart land fleksibilitet til å sikre eit godt posttilbod til innbyggjarane.

– Det er absolutt ingen grunn til å frykte den nye postlova. Den vil gje eit betre, ikkje eit dårlegare tilbod, seier han.