Hopp til innhold

70 år sidan «Den svarte fredagen»

For 70 år sidan i dag, fann eit enormt drama stad i skyene over Sunnfjord. Då møttest over 50 krigsfly over Førdefjorden i ein av dei største flykampane over norsk jord under heile den andre verdskrigen

Egil Hjelmeland

HUGSAR: Egil Hjelmeland hugsar framleis det dramatiske luftslaget over Sunnfjord, 9. februar 1945.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Egil Hjelmeland, ein av bidragsytarane til flykampmuseet i Naustdal, var berre seks år gamal då han frå islagde Lona såg krigsflya kome over Bygstad.

– Eg hugsar den enorme støyen. Så forsvann dei aust for Lisjehesten. Planen var å svinge utover fjorden, sende rakettar og svinge utover Nordsjøen og heim att, fortel Hjelmeland.

15 fly vart skotne ned den svarte fredagen

SLAGET: I alt 45 allierte fly og 12 tyske fly var involverte i slaget, der 14 allierte og to tyske flygarar omkom.

Oppdaga skip i fjorden

Så lett skulle det ikkje bli for dei allierte flygarane å senke dei tyske skipa som speidarar oppdaga i Førdefjorden. Hovudmålet for angrepet var jagaren Z-33 som hadde 320 tyske offiserar og mannskap om bord.

Tyskarane visste at dei var oppdaga og berre sju minuttar etter at allierte krigsfly kom inn til norskekysten, letta 16 tyske Focke-Wulf frå Herdla flyplass i Hordaland.

– Dei angreip beaufighterane og mustangane med det same dei prøvde å stupe mot skipa, fortel Hjelmeland.

Fekk raskt overtaket

Med låg toppfart vart dei allierte beufighter-flya lette å utmanøvrere for tyske jagarfly. Kampen spreidde seg over eit stort område og tyskarane fekk raskt overtaket.

– Dei tyske flygarane var dyktige og hadde vore på austfronten. Dei møtte ungdomar frå Canada som var ute på sitt første tokt. Det vart ein katastrofe, fortel Hjelmeland.

Talet nedskotne fly og drepne steig raskt. Det vart ein heilsvart dag for dei allierte.

Den svarte fredagen

SJÅ TV-SAKA: NRK laga i 1995 denne saka om luftslaget over Sunnfjord.

– Fem tyske Focke-Wulf vart skotne ned. To tyskarar omkom og andre overlevde ved å hoppe ut. Namnet «Den svarte fredagen» kjem av at ti allierte fly vart skotne ned, og 14 allierte omkom, seier Hjelmeland.

– Bitter lærdom

Den svarte fredagen

LÆRDOM: Dei allierte styrkane fekk ikkje senka eitt einaste av dei tyske skipa som hadde gøymt seg i Førdefjorden, men mista sjølv fleire fly og soldatar i slaget.

Foto: NRK

Ved sidan av Måløyraidet er slaget over Sunnfjord av dei største hendingane i Sogn og Fjordane under andre verdskrig.

Bakgrunnen for slaget var at den tyske marine hadde fått ordre om å gøyme seg i norske fjordar i dagslys.

Dei allierte ville gjerne senke dei tyske forsyningsskipa, men fekk i staden ein dyrkjøpt lærdom «Den svarte fredagen».

– Dei gjorde aldri det same igjen – å senke skip i tronge norske fjordar. Det var ein bitter lærdom, seier Hjelmeland.