Hopp til innhold

53-åring døydde etter å ha køyrt i tre

Mannen døydde av skadene han fekk etter å ha krasja inn i eit tre.

Hardt skadd

VENTAR SVAR: Politiet ventar på rapporten frå Statens vegvesen sin ulukkeskommisjon etter ulukka i Årdalen i Jølster.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Skadene den 53 år gamle mannen var så alvorlege at mannen døydde i dag på Haukeland universitetssjukehus.

Politiet vil gjere nye avhøyr av 23-åringen som var passasjer i bilen som søndag morgon køyrde inn i eit tre ved E39 i Årdalen i Jølster. Mannen kom relativt uskadd frå ulukka.

– Vi vil gjere nye avhøyr utover det første avhøyret som vart gjort ulukkesdagen, seier politiførstebetjent Agnar Bøyum.

Bilen med dei to polakkane kom nordfrå og på ei rett strekke køyrde bilen utfor vegen og inn i eit tre.

– Etter det politiet kjenner til var det ikkje vitne til sjølve ulukka, seier Bøyum.

Den 53 år gamle sjåføren fekk alvorlege skader i hovudet i ulukka og vart frakta til Haukeland universitetssjukehus der han tysdag døydde av skadene.

Politiet opplyste at passasjeren hadde forklart at dei to hadde køyrt langt. Men førebels kan ikkje politiet seie meir om årsaka til ulukka.

– Vi ventar på rapporten frå Statens vegvesen sin ulukkeskommisjon som var på staden søndag og gjorde sine undersøkingar, seier Bøym.