I går i 14-tida kolliderte ein semitrailer og ein varebil på E39 mellom Eikås og Vassenden. Ein 44 år gamal mann vart sittande fastklemd i varebilen i 45 minutt før han vart sendt til Førde sentralsjukehus med redningshelikopter.
– Det var ei alvorleg ulukke i ein sving som er kjend for at det skjer ofte ulukker, seier lensmann i Jølster, Knut Skurtveit.
- LES OGSÅ:
Ulukka skjedde i den såkalla Skulehussvingen på Eikås, og der har det tidlegare vore fleire ulukker. Lensmann Knut Skurtveit i Jølster var sjølv på ulukkesstaden onsdag for å dirigere trafikken forbi ulukkesstaden.
Beslaglagt førarkort
Føraren av semi-traileren har rutinemessig fått førarkortet beslaglagt.
– Dette er noko som alltid blir gjort ved slike ulukker. Det er også rutinemessig tatt blodprøve av begge sjåførane. Men det er ingenting som indikerer promille, seier Skurtveit.
(Saka held fram under biletet)
Politiet i Jølster skal etterforske og finne årsaka til den voldsomme kollisjonen i går på E39.
Ulukkeskommisjonen skal undersøke blant anna friksjonen i vegdekket, tilstanden til dei involverte køyretøya, dei ser på køyre og kviletid. Køyretøya som var involverte i ulukka er også til undersøkingar hos Statens vegvesen. Politiet er i ferd med å avhøyre vitner til ulukka.
– Men førebels har vi ikkje noko forklaring på korleis ulukka skjedde.
Politiet opplyser at varebilen var nyregistrert i september, og skal ha hatt nye dekk.
Pressa ut støypekant
Eit par hundre meter på begge sider av ulukkesstaden vart det måndag sett opp omlag ein meter høge støypekantar som erstatta autovern. Dette har såvidt berga varebilen frå å hamne i elva Jølstra.
– Men støypekanten har gitt etter med ein 10 - 20 centimeter så det er sterke krefter som har vore i sving.
Etter fleire ulukker på staden tidlegare er farten gjennom den ulukkesråka svingen tilrådd til 50 km/t men den ordinære fartsgrensa er 70 km/t.