Hopp til innhold

40-50 husstandar er vasslause på grunn av brot på vassleidning

Mellom 40 og 50 husstandar i byggjefeltet Gildhus i Vik er utan vatn etter at det i morgontimane tysdag gjekk hol på ein vassleidning.

Lekkasje på vassleidning

VASSLAUSE; Byggjefeltet Gildhus vert utan vatn fram til i 15-tida tysdag.

Foto: Odd Inge Gjeraker / NRK

– Det er eit stort leidningsbrot i eit område som vi kallar for Kålhagen. Røyret har sprokke og dermed gjekk det ut om lag 50 liter i sekundet, seier driftsoperatør i Vik kommune, Edvin Tistel.

Han fekk beskjed om lekkasjen klokka 06.30, men truleg har lekkasjen starta ei god stund før.

– Vi ser på magasina våre at det har gått ut ein heil del vatn, seier Tistel.

Blir vasslause til i 15-tida

Vatnet er no stengt av i området, men dette får konsekvensar for bebuarane i byggjefeltet Gildhus like ved.

– Heile Gildhus vert utan vatn til vi har fått reparert skadane. Det er kopla på mellom stengjeventilane våre, men vi har ikkje moglegheit til å få vatnet inn att i feltet før vi har fått reparert skaden, seier Tistel.

Han har ikkje eksakt tal på kor mange husstandar dette gjeld, men det er fort snakk om 40–50 husstandar.

– Vi har bestilt gravemaskin og den er nok snart på plass. Men eg vil tru at vi ikkje har fått reparert skadane før mot slutten av dagen. Kanskje til klokka 14 eller 15, seier Tistel.

Får ikkje konsekvensar for skule og aldersheim

Både Flatbygdi skule og Vik sjukeheim ligg i nærområdet, men lekkasjen skal ikkje føre til problem for desse.

– Nei, det er berre byggjefeltet det går ut over, seier Tistel.

Kommunen har også tidlegare hatt problem med vassrøyrene i Kålhagen.

– Vi har hatt fleire lekkasjar og brot der. Det er konsekvensane av dårleg arbeid når anlegget vart gjort, seier Tistel.

Han kjenner seg likevel trygg på at dei skal klare å reparere skadane heilt i løpet av dagen.

– Dette skal til, seier Tistel.