Hopp til innhold

Her er årets 29. pipebrann

Brannvesenet har søndag måtte rykkje ut til to pipebrannar i Sogn og Fjordane.

Pipebrann i Sogndal

Denne pipebrannen i Sogndal vart den 29. i fylket i 2010.

Foto: Øystein Veum

Den første var i Førde, medan brannen i Sogndal såg langt meir dramatisk ut. Alarmsentralen fekk melding om brannen like før klokka 16.

- Flammane slo over pipa. Det ser litt fælt ut før dei får dempa det, seier vaktoperatøren ved Brannalarmsentralen.

29 brannar i år

I sprengkulda fekk brannvernet i fylket ein stri tørn på nyåret med ein brann dagleg i snitt på dei ti første dagane. Det var over dobbelt så mange som på same tid i fjor .

Sidan har både temperaturane og pipebrannane roa seg. Pipebrannar kan ein ofte sjå i samband med sterk fyring for å halde varmen i hus på kalde dagar.

Så langt i år har alarmsentralen fått melding om 29 pipebrannar.

- Det er meir enn eg hadde våga å tru på så pass kort tid. Dei er spreidd kring om i heile Sogn og Fjordane, seier vaktoperatøren ved Brannalarmsentralen.

3 600 brannar i året

Kvart år blir det registrert kring 3 600 pipebrannar på landsbasis. Mange kunne vore unngått med rett fyring.

Ein pipebrann oppstår når avfallsstoff (beksot og laussot) frå forbrenninga set seg i pipa og tek fyr.