Gunn Marit Kvåle frå Sogndal vart i helga kåra som årets Countrytalent 2015. Ho vann i skarp konkurranse med 12 andre talent.
Frå scena framførte ho melodien "Just a little angel" som ho har skrive saman med broren.
– Det var eit fantastisk høgt nivå, med stor breidde både i melodival og i alder på finalistane. Dei yngste var 12 år og dei eldste var 20 år. Og at vi hadde husbandet Anders Førde Midtbø´s Band med oss som husband, løfta både dei som var deltakarar og opplevinga for publikum, seier koordinator i Norsk Countrytreff, Kristin Sandal.
Fekk med seg solid premiepott
Det var rektor ved Bokn musikk- og kulturskule, Tove Øvrebø, som delte ut prisen. I juryen sat også sat bookingansvarleg Nils R. Sandal frå Norsk Countrytreff, artist og medarrangør på Trandal Countryfestival, Sivert Bjørdal.
Som vinnar stakk Kvåle av med ein sjekk på 10 000 kroner og det gjævaste av alt er nok at ho til sommaren står på scena under sjølve Norsk Countrytreff.
Andreplassen gjekk til Tiffany Roxanne Huston frå Måløy og på tredjeplass kom Maria Susanne Hage.