Hopp til innhold

11 personar sakna i fjellet i Lærdal

Eit turfølgje på 11 personar er sakna etter at dei ikkje kom fram til Bjordalsbu i Lærdal som avtalt laurdag kveld.

Breistølen

SAKNA: Turfølget på 11 skulle gå frå hytta på Breistølen til Bjordalsbu.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Etter det vi veit har turfølgjet gått av bussen ved Breistølen, klokka 14.30. Dei skal vere fjellvande og godt utstyrte, seier Inge Værøy, som er operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Turfølgjet skulle gå frå Breistølen i Lærdal til Bjordalsbu. Den siste sikre observasjonen av følgjet blei gjort ved Starsjøen om lag midtvegs mellom Breistølen og Bjordalsbu.

Breistølen ligg ved riksveg 52 på Hemsedalsfjellet. Skituren til Bjordalsbu i Skarvheimen er kring 12 kilometer lang og gradert som krevande. Bjordalsbu er ei sjølvbetjent hytte med 26 sengeplassar. Den ligg 1580 meter over havet og er eigd av DNT Oslo og omegn.

Det er svært dårleg sikt i området og for dårleg vêr til å sette i gang søk opplyser politiet.

Laster Twitter-innhold

Klokka 22.30 seier Værøy at dei har vore i kontakt med Røde Kors i Lærdal med tanke på å sette i gang søk.

Det er ikkje vêrforhold til å gjennomføre søk i dag. Det er avtalt å gjere snøskutersøk i morgon. Sist dei vart observert hadde dei godt med utstyr, og vi gjer rekning med at dei kan vere ute ei natt, seier Værøy.

Turfølge sakna