Hopp til innhold

Køyrde i 153 kilometer i timen

Ein bliførar måtte levere frå seg førarkortet då han vart målt til 153 kilometer i timen seint i går kveld. Det skjedde då UP hadde fartskontroll på riksveg 5 mellom Førde og Florø, ved rasteplassen på Knapstad i Eikefjord. Fartsgrensa er 80 kilometer i timen. I tillegg måtte fire førarar ut med forenkla førelegg. Den kjappaste av dei køyrde i 103 km/t.