Hopp til innhold

Får ikkje sendt sauene til fjells

Enorme snømengder i fjellet i kombinasjon med ein kald vår gjer at mange sauebønder ikkje får sendt sauene til fjells.

– Slikt blir det konsekvensar av. Bøndene må fôre sauene lenger og ha dei gåande på bøen, seier sauebonde Gunnar Osland til avisa Firda.