Hopp til innhold

Trafikkulukke i Gaular

To personbilar har kollidert i krysset på E39/fv. 57 ved avkøyringa til flyplassen i Gaular. Det var ein person i kvar bil, opplyser politiet. Den eine bilføraren klaga over smerte i nakken, men det skal ikkje vere alvorleg opplyser politiet. Ambulanse og politi er på veg til staden. Det er svært glatt på staden.