Hopp til innhold

Stussar over fylkesordføraren sitt val - meiner ho burde prioritert vegmøte

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes får kritikk også frå Senterpartiet, etter at ho valde vekk eit møte med statssekretæren i Samferdsledepartementet om ferdigstilling av vegen mellom Olden-Innvik.

Arnstein Menes er kritisk til at fylkesordføraren nedprioriterte vegmøte.

MERKELEG: Leiar i Samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane, Arnstein Menes frå Senterpartiet, meiner det var ei rar prioritering av fylkesordføraren å droppe eit møte om Olden-Innvik med Samferdsledepartementet til fordel for oljemessa i Stavanger.

Foto: NRK-montasje

– Eg syns det er merkeleg at ikkje fylkesordføraren nyttar sjansen. Vi har eit fylkestingsvedtak som seier at vi vil prøve å få ei avklaring frå regjeringa, og den treng vi i høve den budsjettrunden vi skal inn i, seier leiar i samferdsleutvalet, Arnstein Menes.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes frå Arbeidarpartiet har måtte tole krass kritikk etter at ho reiste på oljemesse i Stavanger heller enn å møte statssekretær Bård Hoksrud til møte om vegen Olden-Innvik. På møtet skulle dei snakke om sluttfinansiering av det som har vorte omtala som landets verste veg. 410 millionar kroner trengst for å kome i mål med opprustinga. Etter at avklaringa om E39 traseen kom, har det vore uvisse knytt til kven som skal betale.

– Statssekretærane som sit på detaljane

Fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik var nådelaus då avisa Firda først skreiv om at Kjelsnes ikkje hadde prioritert møtet med Hoksrud.

– I praktisk politikk i departementa, så er det statssekretærane som sit og jobbar med sakene og har detaljkunnskapane. Statsrådane sit på eit anna nivå. Dersom ein er opptekne av å løyse sakene, så møter ein dei ein kan, så fort ein kan for å få lagt fram si sak. Det har Åshild Kjelsnes openbart ikkje skjønt, sa Djuvik til NRK tidlegare.

Fylkesordføraren sjølv svara på kritikken, med å understreke at det var statsminister Erna Solberg sjølv som hadde lagt fram tilrådinga om framtidig E39-trasé mellom Skei og Volda, og at det dermed vart tydleggjort kva nivå avgjerslene var tekne på.

Åshild Kjelsnes

KRITIKK: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes har måtte tole krass kritikk etter at ho takka nei til å møte statssekretær Bård Hoksrud til møte om sluttfinansieringa av Olden-Innvik.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Difor rekna eg med at dette er ei betydeleg og viktig sak for regjeringa, og difor meinte eg at det var viktig å møte samferdslestatsråden direkte, og det tok eg umiddelbar kontakt for å få, fortalde Kjelsnes til NRK tidlegare i september.

Ser mørkt ut om regjeringa seier nei

Men Menes meiner Kjelsnes burde prioritert annleis, eller sendt fylkesvaraordføraren i sin stad, når ho ikkje kunne vere to stader på same tid.

– Vi burde fått ei avklaring, og eg håpar vi kan få fortgang i dette, slik at vi får til eit møte der vi får svar på om vi kan halde fram opprustinga eller må stoppe, seier Menes.

Med tanke på at Fylkestingsvedtaket er så klart på at dette må få ei avklaring – meiner du det var illojalt av Fylkesordføraren å ikkje møte?

– Eg vil ikkje bruke det ordet, men det er merkeleg når ein hadde sjansen. Vi har ikkje økonomi til å drive prosjektet på eiga hand – då er det stopp, seier Menes.