Hopp til innhold

Norges beste havfiskar avslørar hemmelegheita si

For ei veke sidan blei han norgesmeister i havfiske. Nå fortel han nrk.no korleis du lett kan få mykje fisk på kroken.

Hyse

Her viser NM-meistaren i havfiske fram ei hyse på 4,45 kg. –Personleg rekord og ei veldig stor hyse til å ha blitt fanga i norge, gliser John Olav Florø-Larsen.

For ei dryg veke sidan var 75 fiskarar samla i Harstad for å kåra den beste havfiskaren.

Fisket skjer med stong, frå båtar. Og for andre gong var det Stavangermannen John Olav Florø-Larsen frå Nord-Jæren Havfiskeklubb, som stakk av med sigeren.

På to døgn hadde han fiska heile 117 kilo med hyse og brosme.

Taktikk

– Det var utroleg kjekt å vinna, og ikkje minst sjå at taktikken min slo godt ut, sa ein glad Stavanger-fiskar i etterkant.

Nå som konkurransen er over, deler han taktikken med dei som ønskjer meir napp på stonga når dei er ute og fiskar frå båt.

– Det viktigaste å hugse på er at det sjeldan er fisk å få i sjøvatn der det er lite straum og turbulens, seier fiskaren.

– Få tak i eit sjøkart

Den enklaste måten å finna ut kor det er mest turbulens i sjøen er å få fatt i eit sjøkart der du har hytta di, eller der du brukar å fiska.

– Karta viser botnnnivået, og turbulensen oppstår der det er bråe endringa. Der det til dømes går frå å vera 80 meter djupt til å bli 120 meter, seier fiskaren.

Der det er bråe endringar i botnnivået er det åten går, og her er det ofte fisk. Han legg også til at det kan vera lurt å prøva i ulike lag av sjøen på desse plassane.

– Dette er det beste tipset eg kan gje for ein hobbyfiskar, seier han, og legg til at mange syndar på dette punktet.

Havfiske NM

Under NM i havfiske i Harstad.

Foto: Privat

20 kilo utstyr

Når Florø-Larsen fiska opp 117 kilo, var det ikkje berre den turbulente sjøen som spela ein rolle.

– Eg er jo litt over gjennomsnittleg interessert, så eg hadde jo med meg over 20 kilo med utstyr seier han.

I konkurransen vann han meir utstyr, men seier at det er mest for heider og ære han deltek i meisterskapa.

Har du eit tips for havfisket? Legg inn ein kommentar!

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Flere nyheter fra Rogaland