Kvinna er tiltalt for uaktsamt bildrap, uaktsam bilkøyring, føring av motorvogn påverka av narkotika og for å ikkje ha stoppa etter og ha vore blanda inn i ei trafikkulukke.
– Bakgrunnen for tiltalen er politiet si etterforsking. Kvinna er nå tiltalt for fire ulike forhold, der uaktsamt drap er hovudpunktet, seier statsadvokat, Harald L. Grønlien.
Strafferamma for uaktsamt drap er fengsling i tre år.
– Kvifor har det tatt så lang tid å få denne tiltalen på plass?
– Det er på grunn av at me har venta på utsegner frå sakkunnige, seier Grønlien.
Stakk av frå ulukkesstaden
Det var laurdag 5. januar i år tolv år gamle Olav Hovda frå Klepp døydde på sjukehuset. Han blei kvelden før påkøyrd då han var ute og gjekk på rulleski saman med far sin. Bilen som trefte Olav, køyrde vidare utan å stoppa.
Fire dagar etter ulukka tok politiet eit ektepar, som dei sikta for å stå bak påkøyrselen, begge i 40 åra og busett på Klepp. Kvinna har tilstått at ho køyrde bilen åleine og ho erkjenner straffskuld.
- Les òg: – Vondt å ha reparert bilen som kjørte på og drepte Olav Hovda (12)
- Les òg: Presten fortalte en vits som Olav (12) selv brukte å fortelle
I slutten av november var politiet ferdige med etterforskinga av saka, og sende frå seg innstillinga si til statsadvokaten.
Ho er letta
Inger Marie Sunde er forsvararen til den tiltalte kvinna. Ho har i ettermiddag vore i kontakt med ho om tiltalen.
– Klienten min seier at ho er letta for at tiltalen endeleg har kome, og er ikkje overraska av innehalde, seier Sunde.
Sunde legg til at det meste i tiltalen er basert på kvinna si tilståing og at kvinna gler seg til å bli ferdig med saka.
Saka mot ektemannen er lagt vekk
I tiltalen kjem det fram at saka mot ektemannen til kvinna, som også har hatt status som sikta, er lagt vekk.
– Undersøking av mobilspor, andre tekniske spor og vitneavhøyr har klargjort at mannen ikkje var blanda inn i sjølve ulukka, seier Grønlien.
Det er framleis uvisst kor tid saka skal opp i retten.